Biletkunst

Liker du å teikne, male og skape noko kreativt? På kunst tilbyr vi deg stor bredde og kunnskap i forskjellige teknikkar og uttrykksformar. Vi er fulle av skaperglede og kreativitet!

Ved å gå på kunst vil du lære ulike grunnleggande teknikkar med hovudmål at du skal meistre eit handverk. Vi tilbyr profesjonell, praktisk og teoretisk kunnskap i eit dynamisk spenningsfelt mellom tradisjon og nyskaping. 

Elevane vert undervist i grupper etter alder og erfaring med normalt maks 10 elevar pr gruppe. Undervisninga skjer kvar veke i vårt eige biletkunstrom på Sula Kulturskule. Elevane deltek på minst ei utstilling i løpet av skuleåret.

Lærarar