NVE
Norges vassverk og energidirektorat (NVE) har ansvaret for overvakinga av dei ustabile fjellpartia.
Det ustabile fjellpartiet Åknes har forholdsvis stabil rørsle, 8–9 cm pr. år i den mest aktive delen. Men målingane viser variasjonar over året med noko høgare hastigheit i periodar med mykje nedbør, og lågare hastigheit i tørre periodar. Hegguraksla har ei stabil utvikling med berre marginale rørsler, under éin mm i året.
Les om Åknes her
Les om Hegguraksla her
Drenering
Det har vore eit fireårig prosjekt for å greie ut om drenering er eit aktuelt tiltak for å redusere sannsynet for eit skred. Konklusjonen er at det sannsynlegvis vil ha effekt.
Det finst fleire alternative løysingar, og den beste løysinga synes å vere basert på tunnel.
Stortinget gjorde i desember 2021 einstemmig vedtak der dei bad regjeringa sikre at det vert utarbeidd ein plan. Vi ventar på at det skal løyvast midlar til prosjektet for å kome vidare.
Befolkningsvarsling
Dei sentrale styresmaktene har i samarbeid med mobilaktørane nyleg etablert eit nytt system for nødvarsel til befolkninga: www.nodvarsel.no.
Lokal beredskap
Grunnberedskapen er på plass for å ta vare på liv og helse. Fokus framover er å planlegge for tida under og etter evakuering.
Vi vil peike på at vi bur i eit svært trygt område der vi blir passa på døgnet rundt. Vi veit at overvakinga og varslinga fungerer, vi veit at vi vil ha god tid til å detaljplanlegge den dagen rørslene ev. aukar, og vi veit at det er eit stort apparat som då vil bli sett i verk for å ivareta situasjonen på best mogleg måte.
Eigenberedskap
Det er likevel viktig at kvar og ein, både privatpersonar og næringsliv, tenker over sin situasjon i eit slikt scenario.
Planverk
Det er bygt opp eit regime når det gjeld beredskapsplanverk for fjellskred:
Nasjonalt planverk
Nasjonal plan med overordna føringar, vedteken i 2015.
Regionalt planverk
Objektplan Åkneset, vedtatt i 2016
Objektplan Hegguraksla, vedtatt i 2016
Lokalt planverk
Interkommunal konsekvensanalyse (PDF, 2 MB), vedtatt i alle involverte kommunar
Aktørplan – generell del
Aktørplanar – flytting av verksemder (alle kommunane har eigen plan)
Aktørplanar – samordning av tiltak (alle kommunane har eigen plan)
Andre ressurssider
Rapportar som er samla på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine nettsider
DSB: Risikoanalyse av varsla fjellskred (2016)
FylkesROS, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Historikk
Er du interessert i historikk, kan du lese om Tafjordulykka og Loenulykka på Geo365.no.
Har du behov for meir informasjon, ta kontakt med servicetorget i di kommune så hjelper dei deg til rette vedkomande.