Vi ønsker ikkje at folk skal gå rundt å vere bekymra, men det er lurt å vere førebudd om noko uventa skjer.
Du kjøper ikkje husforsikring fordi du forventar at huset ditt skal brenne, men for å vere så trygg som mogleg dersom det faktisk skulle skje. Det same gjeld for beredskap – både den eigenberedskapen du sjølv har ansvar for, og den kommunen har ansvar for.
Det er ikkje lett å gi noko fasitsvar på kvar det er best å opphalde seg når ei krise rammer. I mange tilfelle er det tryggaste å halde seg heime. Viss du har følgt råda om eigenberedskap har du gode føresetnadar til å klare deg sjølv i fleire dagar der du bur.
Oppmøtepunkt
Skulle du likevel ha behov for å kome i kontakt med oss, har Sula kommune eit oppmøtepunkt der du kan få informasjon:
Rådhuset, Sloghaugvegen 13
Møtepunktet vil bli bemanna 6–12 timar etter at krisa har oppstått, alt etter kva type hending det er og når på døgnet den oppstår.
Informasjonspunktet er merka med slike skilt på utsida av bygget:

Her har Sula kommune si kriseleiing satellittelefonar som vi kan bruke til å ta kontakt med brann, lege, Politi og andre naudetatar.
Eigenberedskap
Nasjonale styresmakter ber alle husstandar om å vere forberedt på å klare seg sjølv i ei veke. Eigenberedskap er viktig fordi det vil bli eit stort press på naudetatar og hjelpeapparat i ein krisesituasjon. Då må dei kunne prioritere og hjelpe dei som treng det mest.
Nedanfor finn du eksempel på ting som er lurt å ha heime. Du bør gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt med jamne mellomrom. Hugs at familie, vennar og naboar kan samarbeide om eigenberedskap.
Finn deg ein beredskapsvenn!
Sula kommune oppmodar folk til å finne ut kven som kan trenge hjelpa di og kven du kan få hjelp av. Med ulike eigenskapar og kunnskap kan familiemedlemmar, vennar og naboar utfylle og hjelpe kvarandre dersom det skulle oppstå ein krisesituasjon.
Slike ting er det greitt å ha snakka om før ei eventuell krise inntreff.
Vil du vite meir om eigenberedskap?
Les meir om eigenberedskap på sidene til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap - DSB.
Det kan vere smart å gjere dette når du har nett og straum 😉