Planverk for beredskapsarbeid
Sula skal vere ein trygg kommune å bu i. Kommunen skal førebygge kriser og uønskte hendingar gjennom å ta beredskapsmessige omsyn ved kommunal planlegging, utbygging og drift.
Når uønskte hendingar likevel oppstår, skal kommunen vere i stand til å takle dei på ein god måte. For å vere best mogleg budd på ulike situasjonar som kan oppstå, skal kommunen mellom anna ha ein overordna beredskapsplan.
Planverk for beredskap i Sula kommune
Publisert 27.05.2025 12.18
Sist endra 27.05.2025 12.19