Kva er primær- og sekundærreinsing?

Ein skil mellom desse ulike reinseprinsippa:

  • Mekanisk reinsing
  • Kjemisk reinsing
  • Biologisk reinsing

Reinseanlegg for avlaup er i praksis samansett av prosessar basert på kombinasjonar av desse reinseprinsippa. I tillegg til å inkludere reinsesteg basert på desse prinsippa, må avlaupsreinseanlegg òg innehalde system for forbehandling og slambehandling. Miljøforvaltninga nyttar omgrepa primærreinsing, sekundærreinsing og tertiærreinsing knytt til konkrete krav til utslepp.

I forureiningsforskrifta kap. 14 er reinsegrad definert slik:
 

Primærrensing: En renseprosess der både

  1. BOF5 (biokjemisk oksygenforbruk)-mengden i avløpsvannet reduseres med minst 20% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 40 mg O2 /l ved utslipp og
  2. SS (suspendert stoff)-mengden i avløpsvannet reduseres med minst 50% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 60 mg/l ved utslipp

Sekundærrensing: En renseprosess der både

  1. BOF5 (biokjemisk oksygenforbruk)-mengden i avløpsvannet reduseres med minst 70% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 25 mg O2 /l ved utslipp og
  2. KOFCR (kjemisk oksygenforbruk)-mengden i avløpsvannet reduseres med minst 75% av det som blir tilført renseanlegget eller ikke overstiger 125 mg O2 mg/l ved utslipp


Omgrepet primærreinsing er brukt for å indikere at dette er forma for reinsing som kjem først- både i historisk samanheng og i prosessteknisk samanheng. Primærreinsing er ofte synonymt med mekanisk reinsing og inneber fjerning av slampartiklar ned til ein partikkelstørrelse på ca. 0,1 mm, dvs. partiklar som fell til botnen innan rimeleg tid. Dette oppnår ein anten gjennom sedimentering eller filtrering gjennom fine siler.

Ved sekundærreinsing fjerna ein meir av det organiske stoffet enn det ein klarar i eit reint sedimenteringsanlegg. Dette kan oppnåast både gjennom kjemisk og biologisk reinsing. Forureiningar som legemiddelrestar, diverse organiske miljøgifter, mikroplast, bakteriar og virus blir fjerna i større grad i eit biologisk reinsetrinn enn eit kjemisk reinsetrinn. På Kvasnes planleggast det ein kombinasjon av mekanisk og biologisk reinsing for å oppfylle sekundærreinsekravet.  

Sula kommune har pr. dags dato anten silanlegg eller slamavskiljar (eller direkteutslepp) og ingen av desse oppfyller dagens krav til primærreinsing.