Kvifor er Storfjorden valt som resipient?

Fjordsystema rundt Ålesund og Sula er undersøkt over mange år. Dei seinaste resipientundersøkingane er frå 2004, 2012 og 2019. I tillegg har Sula kommune fått utarbeid resipientanalyser knytta til moglege plasseringar av eit nytt reinseanlegg 2015 og 2018.

Figuren under er frå vann-nett.no. Grøn farge viser økologisk tilstand II, «God» og gul farge viser tilstand III, «Moderat».

Lenke til informasjon om Sulafjorden i VannNett

Lenke til informasjon om Storfjorden-ytre i VannNett

Borgundfjorden er ein terskelfjord som er følsam for forureining. Den tek imot avløp frå både Ålesund og Sula. Det er berre etablert reinseanlegg for å tilfredsstille primærreinsekrav, medan det i framtida er venta krav om sekundærreinsing. Storfjorden er ein betre resipient med større vannvolum, større djupne og raskare utskifting av vatnet, og det er difor ønskeleg å føre utslepp dit i staden for til Borgundfjorden.