DrikkevasskvalitetLytt til tekstenStopp avspillingSula kommune er tilknytt Ålesund kommunale vassverk og har avtale med Ålesund kommune om levering av ferdig behandla og godkjent vatn inn på vassleidningsnettet.Fysiske og kjemiske eigenskaparVasskvaliteten blir kontrollert kvar veke. Vassprøvene vert tekne ute på leidningsnettet og analysert av akkreditert laboratorium. Dei siste åra har alle analyser tilfredsstilt dei strenge krava i forskrifta. Her kan du sjå den siste drikkevassprøva frå vassnettet (PDF, 208 kB)Her kan du sjå utvida rapport (PDF, 232 kB)Blautt vatn i SulaSula har blautt vatn, hardleiken er på vatnet mellom 0-5 dH°. Hardleik er eit mål for innhaldet av salt i vatnet, i første rekke kalsium- og magnesiumsalt. Innhaldet av kalsium blir målt i hardleiksgrader, dH°. Skalaen går frå 0 til 30, der 0 er blautt vatn og 30 er hardt. Ein grad er det same som eit innhald av 10 mg kalsiumoksid per liter vatn.Drikkevatn frå privat vassforsyningHar du eiga vassforsyning kan du få drikkevatnet ditt analysert av eit privat laboratorium. Fleire av laboratoria har nettbutikk. Flaskene blir sendt heim til deg med posten og du sender flasker med vatn i retur. Hugs at alle private vassforsyningar som forsyner meir enn ein bustad skal registrerast hos Mattilsynet.Lover og reglarForskrift om vannforsyning og drikkevann