Aktivitetstilbod til eldre
I lista under finn du ei oversikt over tilbod og aktivitetar til eldre både frå private og frivillege.
Om du veit om tilbod som burde vere med her, men som vi av ein eller anna grunn ikkje har fått med, vil vi gjerne at du gir oss beskjed.
Ligg på Devoldfabrikken og er ein møtestad som knyter kontakt mellom menneske i nærmiljøet. Du er velkomen enten du treng hjelp av frivilligsentralen eller ønsker å bidra som frivillig.
Kontakt dagleg leiar Jostein Håland, telefon 91 86 06 59.
- Onsdagskaféen finn stad her kvar onsdag. Frivillege ordnar skyss til og frå, og det blir servert mat og kaffi. Første onsdag kvar månad er det musikk.
- Malegruppe kvar tysdag.
- Naturmøteplassen kvar tysdag kl. 11.00 - 13.00 er alle velkomne til varm drikke og ein prat rundt bålpanna i Kaffevika ved Vassetvetnet.
- Seniorfestival blir arrangert i slutten av januar kvart år.
- Besøkstenesta – skal bidra til å gi menneske i alle aldrar økt sosial kontakt. Ein besøksven kjem innom deg etter avtale. De kan til dømes gå ein tur i lag, spise saman, gå til butikken eller utføre andre sosiale aktivitetar.
Kontakt Olav Havnegjerde tlf. 91 36 93 34. - Varmtvannsbassenget - sjå under «Trim og fysisk aktivitet»
Sula Frikyrkje, Langevåg Indremisjon, Sula kyrkjelyd og den kulturelle spaserstokken i Sula kommune inviterer med jamne mellomrom til song og sosialt samvær i Langevåg bedehus.
Lokale musikarar står for musikken, det er enkel servering og loddsal. Arrangementet er gratis og blir annonsert i Sulaposten og på kommunen sine nettsider
Arrangerer turar og sosiale samlingar m.a. saman med barnehage, skule, kyrkje og andre lokale aktørar, gjerne sentrert rundt Nausthaugen. Dei deltar og i arbeidet med aktivitetsven for demente. Sosial samling for seniorar med kaffi og vafler kvar tysdag.
Kontakt formann Bjørg Solevåg tlf. 41 31 02 90
Kvar tysdag på dagtid (sept-mai) vert det arrangert gåtur med sosial samling med mat, drikke og quiz for seniorar på grendahuset, i samarbeid med Veibustbygda vel. Dei arrangerar og julebord for bygdefolket.
Kontaktpersonar Vigdis Reitehaug tlf. 918 37 141 og Reidun Kvasnes tlf. 984 76 766.
Timane på treningssenteret har fokus på utholdenheit og styrke, og skal gi ei positiv oppleving av å vere i bevegelse.
Kontakt Sporty Langevåg tlf. 57 00 30 00.
Kvar tysdag samlar seniorar i ulik alder seg til turar av forskjellig lengde og varigheit. Etterpå kjem dei alle saman på Nausthaugen til kaffi og vaflar, og ei sosial stund arrangert av Solevåg helselag.
Kontakt Bjørg Solevåg tlf. 41 31 02 90.
Sosialt treff på grendahuset kvar tysdag (sept-mai) med turgåing, quiz, god mat og drikke arrangert av Kvasnes og Veibust helselag og Veibustbygda Vel.
Kontaktpersonar Vigdis Reitehaug tlf. 918 37 141 og Reidun Kvasnes tlf. 984 76 766.
Grunna lite rekruttering har denne gruppa no ei pause. Tidligare var Frivilligsentralen utgangspunkt for ein tur i nærområdet før kaffi og noko å bite i.
Kontakt Jostein Håland, tlf. 91 86 06 59, om nokon er interessert.
- Pensjonistbading kvar fredag kl. 09.00 - 10.30
- Ålesund Revmatikerforening har per i dag ei gruppe på måndagar. Kontakt Dagny Venke Villa tlf. 90 19 09 72 etter kl. 16.00.
- Trening med fysioterapeut i grupper etter avtale.
- Indre Sula Fysio & Velvære AS, tlf. 41 31 09 09, Sundevegen 119, 6037 Eidsnes. Fysioterapeut Sean Kirkpatrick
-
- Acto Terapi og Trening AS, tlf. 70 19 34 82, adr. Geilneset 16, 6030 Langevåg. Fysioterapeutane Kjetil Saugestad mob. 90 92 71 36, Nina Paulsen tlf. 41 52 23 84 og Erlend Hole tlf. 97 17 03 66.
Ein søndag i måneden arrangerar Sula sportsklubb Bingo med kafé og sal av «21». Dei held til i Lømyrvegen 63 på Fiskarstranda.
Kontakt Gunn Linda Klubben tlf. 41 55 60 09.
Trimgruppa har fokus på styrke- og balansetrening og er eit samarbeid mellom instruktør, Kvasnes og Veibust helselag og Veibustbygda Vel. Dei held til på grendahuset kvar onsdag.
Kontakt instruktør Anne Grethe Kvasnes tlf. 911 41 245.
Rehabiliteringstenesta har fortløpande trimgrupper på heile Sula.
Kontakt kommunefysioterapeutane Therese S. Eriksen tlf. 90 41 19 36 eller Evie Høyberg tlf. 95 71 02 52.
Dette er eit spel der ein nyttar seg av stålkuler som spelast på grus, kan minne om boccia. På sommerhalvåret er det trening på mandagar. Gruppa er ein del av Langevåg IL og vil gjerne ha med fleire medlemmar. Det er god trim, sosialt og også litt konkurranse.
Kontakt Oddbjørg Digernes tlf. 93 84 07 70.
Molvær senter: Dei tilbyr to ulike grupper:
- Trim nivå 3, som er eit intensivt program med instruktør. Det vil sei at ein skal bli sveitt og andpusten og krev at du kan stå og springe/gå i ein heil time.
- Styrke, balanse og avspenning, har moderat intensitet og rolig tempo, men krev at ein kan stå og gå mykje av treninga. Tilpassa styrkeøvingar med ulike alternativ.
Solevågshallen: Trim nivå 3, som over.
Kontakt Åse på tlf. 418 52 348
Sula kommune har ikkje eigen logoped. Privatpraktiserande logoped blir tilvist med rekvisisjon frå lege.
Logopeden kan gi råd og rettleiing ved vanskar innanfor kommunikasjon, stemme, tale, mimikk, sikling, spising, drikke, tygge, svelg, munnhygiene og språkvanskar (afasi). Opptrening eller vedlikehald av disse funksjonane er viktig for å oppretthalde god livskvalitet.
Kontakt Logopeden AS, tlf. 95 06 24 64 eller fastlegen din.