Seniorsenter

Seniorsenteret er eit dagtilbod for heimebuande eldre. Her skaper vi moglegheiter for å delta i eit felleskap, og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. 

Kva tilbyr vi?

Vi tar oss god tid til ein hyggelig prat og brukarane får delta i eit felleskap som bidrar til å auke kjensla av tryggleik. Sosialt fellesskap, ulike aktiviteter og felles måltid, drosje til og frå.

Ulike aktivitetar:

  • Avislesing
  • Bursdagsfeiring med kake
  • Trim
  • Bingo
  • Quiz
  • Andakt
  • Handarbeid
  • Dans
  • Brettspel
  • Sang og musikk

Måltid:

Frukost:  10:00
Drikke/frukt: 11:30
Middag: 13:00
Ettermiddagskaffe og kake: 14:30

Brukarane vert henta i heimen med drosje. Drosja køyrer frå indre Sula ca kl.08.45, og hentar dei aktuelle brukarane etter avtale på veg ut i Langevåg.

Kven kan få tilbodet?

Eldre som bur heime og ønsker ein sosial treffstad.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Informasjon om kvar søknades skal sendast, og korleis søknaden vert behandla finn du inne i skjemaet.

Kva kostar det?

Her finn du informasjon om pris.

Kontakt

Seniorsenteret
Telefon 90 23 83 36
Anitra Kringstad
Avdelingsleiar

Adresse

1. etasje
Sloghaugvegen 28
6030 Langevåg

Opningstider

Måndag, tysdag, torsdag og fredag frå kl 09:30 til 15:00