Sjukeheim (Sulatunet)Lytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr vi? Sulatunet har 20 korttidsplassar i sjukeheim. Kven kan få tilbodet? Avdelinga skal gi tilbod til brukarar som: har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov treng opptrening/vedlikehaldstrening treng avlastning for pårørande akutt behov for institusjonsplass treng palliasjon Korleis få tilbodet? Bruk søknadskjema som du finn her: Søk plass på sjukeheimen. I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du trenger. Inntaksutvalet vurderer søknaden din og finn det tilbodet som passer best for deg. Kva kostar det? Pris for korttidsopphald på institusjon Teneste Pris Merknad Heildøgnsopphald pr. døgn* 185,00 Inntil 60 døgn pr. kalenderår, deretter vederlagsbetaling Dag-/nattopphald pr. døgn 107,00 Klage Vedtak om korttidsopphald kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.