Sula kommune

Utdeling av utstyr til skadereduksjon ved rusmiddelbruk

Kommunen er pliktig til å førebygge smitte av blodbårne sjukdommar. Det betyr at kommunen skal ha ei ordning for utdeling av reint utstyr for alle injiserende rusbrukarar som bur eller oppheld seg i kommunen. 

Brukarutstyr til injeksjon, skal vere gratis og lett tilgjengeleg. Du treng ikkje registrere deg når du hentar brukarutstyr.I tillegg til brukarutstyr skal kommunen tilby informasjon om

  • smitteførebyggande tiltak
  • moglegheit for vaksinasjon (Gratis hepatitt B-vaksine)
  • diagnostikk og behandling

Her får du brukarutstyr

Du kan ta kontakt med ruskonsulenten eller kommunelegekontoret på telefon, sjå kontaktinformasjon under.

Lover og reglar

Lov om vern mot smittsomme sjukdommar § 7-1

Kontakt

Ruskonsulent NAV Sula
Telefon 55 55 33 33
Mobil 413 87 541
Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60


Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar unntatt tysdag 08:30 - 15:00
Tysdag 09:00 - 15:00