Krisehjelp/psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam bistår ved større hendingar der det normale hjelpeapparatet ikkje strekk til, bistanden er kortvarig. Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette frå ulike arbeidsplasser i kommunen.

Kven kan få tilbodet?

Kriseteamet blir normalt varsla og aktivert av lege/brann/politietat/prest/rådmann/ordførar når det skjer større hendingar med behov for psykososial oppfølging. Hjelpa blir i første omgang konsentrert rundt næraste familie og omgangskrets.
Teamet skal ikkje erstatte, men bistå det normale hjelpeapparatet når dette ikkje strekk til. Kriseteamet bidrar i akuttfasen av ei krise.

Korleis få tilbodet?

I kommunen er det eit eige kriseteam med fagpersonell som har særskilt kompetanse i psykososialt arbeid. 

Det er kriseleiinga i kommunen, fastlegen, politiet, brannvesenet eller AMK som vurderer behov for - og som kallar ut/kontaktar kriseteamet ved ei hending.

Den enkelte innbyggar kan ikkje sjølv kontakte kriseteamet med ønske om hjelp.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva skjer vidare?

Når kriseteamet vert kalla ut eller får varsla behov, tek dei kontakt så snart dei kan. Teamet samarbeider tett med andre instansar i akuttfasen.