Hjelpemiddel

Den som har varig skade eller sjukdom kan ved behov søke Nav–hjelpemiddelsentral om utlån av hjelpemiddel

Den som har behov for akutt utlån av enkle hjelpemiddel i ei kortare periode, kan låne hjelpemiddel frå eit kommunalt utlånslager ved Molvær senter, Langevåg.

Kva tilbyr vi

Du kan blant anna låne:

  • Stokk, rollator, preikestol, rullestol
  • Toalettforhøyer, toalettstol, dusjkrakk

Kven kan få tilbodet?

Du må vere må vere busett i Sula kommune for å få utlevert hjelpemiddel her.

  • Hjelpemidla skal i utgangspunktet hentast og leverast av bruker
  • Det er viktig at utstyr som ikkje lenger er i bruk leverast tilbake i reingjort tilstand, så raskt som mogleg

Slik søker du

Ved behov for informasjon råd og rettleiing om aktuelle hjelpemiddel, og ved behov for hjelp i samband med søknadsprosessen til NAV- hjelpemiddelsentral, kan du kontakte ergoterapeut eller innbyggartorget.

Kva koster det

Kortidsutlån er gratis, men blir loggført.

Kontakt

Kenneth Skoglund
Servicemedarbeider
Kanutte Høidahl
Ergoterapeut
Telefon 41 42 55 64
Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider for innbyggartorg og sentralbord

  • Måndag og onsdag 09.00 - 13.00
  • Dørene på rådhuset er opne på kvardagar 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

Adresse

Geilneset 29

6030 Langevåg