Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Johansplattingen

Klikk for stort bilete

Fiskeplattingar (vòrer) vart bygde rundt århundreskiftet 1800-1900 og nytta til soltørking av salta fisk, mest torsk, men også sei, brosme og lange.
 

Klippfisktørking var ei viktig inntektskjelde for familiane rundt i distriktet, og der bøndene hadde strandline, vart stein frå dyrka mark nytta til fiskeplattingar. Svaberg der dette fanst, vart også nytta til tørking.
Andre måtar å tørke fisk på, var å strekke strengar over trestokkar som låg på bukkar. Slike fiskehjellar låg gjerne på skrinne, berglendte stader nær veg. Slik fekk ein kapasitet til å tørke meir fisk.

Klippfisktørking ute var vanleg fram mot slutten av 1950-talet, og gav ei viktig inntekt til hushaldninga for gardane langs kysten. Tørking i sjøbuene med elektrisk tørke vart etter kvart meir vanleg og meir effektivt.