Musikkbinge

Ein musikkbinge er eit komplett øvingslokale for lokale. Musikkbingen er lydtett og godt utstyrt. Sula kommune har ein musikkbinge som er plassert ved Langevåg skule.

Kven kan bruke musikkbingane?

Lokale musikarar i alle aldrar. Grupper og enkeltpersonar. Ein må vere over 18 år for å kunne skrive under, om den som skal bruke musikkbingen er under 18 år, må kontrakta underskrivast av ein føresett.

Opningstider

Musikkbingen er open frå kl. 16:00 - 22:00, måndag til fredag. Dei er stengt i juli og på høgtidsdagar.

Korleis søke? 

Vi har dessverre problem med det elektroniske skjemaet og vi jobber med å få dette i orden. Ta evt. kontakt med saksbehandlar om du ønsker å sende inn søknad. 

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 15. juni kvart år. Om der er ledige tider etter hovudtildelinga er gjort, vil søknadar bli behandla fortløpande.

Pris

Tenesta er gratis for dei under 18 år. For vaksne er prisen kr. 1200,- pr. halvår. Ved tap av nøkkel må du betale kr. 250,-. 

Praktisk informasjon

Det er innbyggertorget som tildeler øvingstider og utsteder kontraktene, det er også i innbyggertorget du får utdelt nøkkel. 

Retningslinjer

Retningslinjer for bruk av musikkbinge (PDF, 24 kB)

Kontakt

Tone Måseidvåg Reite
Konsulent
Tone Måseidvåg Reite
Konsulent

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Ordinære opningstider

  • Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag og onsdag 09:00 - 13:00.
  • Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.

 

Kart