Inkasso og inkassovarsel

Sula kommune har inngått samarbeid med Kreditorforeningen om innkrevjing av ubetalte rekningar. Det betyr at dersom ein faktura frå kommunen ikkje bil betalt innan fristen, vil Kreditorforeningen ta over og handtere vidare innkrevjing.

Feil i faktura

Om du meiner det er feil i ein faktura du har mottatt frå Sula kommune, må du ta kontakt med oss før forfallsdato på telefon 70 19 91 00 eller e-post: okonomi@sula.kommune.no 

Om du ikkje betalar innan fristen

Om fakturaen ikkje blir betalt og vi ikkje høyrer frå deg, sender vi kravet vidare til Kreditorforeningen for innfordring. Dei vil så sende deg eit inkassovarsel, ei siste påminning om betaling. Om varselet ikkje blir betalt innan fristen, vil kravet blir øverført til inkasso noko som igjen kan føre til at du får ekstra kostnadar.

Meir informasjon om inkassoprosessen finn du her.

Når saka er sendt til Kreditorforeningen

Når saka er sendt til Kreditorforeningen skal du kontakte dei direkte om alt som gjeld betaling.
Dei kan òg hjelpe deg dersom du har problem med å betale.

Kontaktinformasjon og opningstider

Betale kravet

Har du fått inkassovarsel eller inkassosak frå Kreditorforeningen? Då kan du logge inn med BankID på kred.no/betale-inkasso.

Der kan du:

  • Betale kravet
  • Søke om betalingsutsetting eller nedbetalingsplan
  • Sjå kva for rekningar du skuldar på


Les meir om inkasso her