Eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok 11.desember 2025 at det for 2026 skal skrivast ut eigedomsskatt for alle faste eigedomar i kommunen (eigedomsskattelova § 3a)

Eigedomsskatten i 2026 er 2 promille. Sula kommunestyre har vedteke at det ikkje skal vere bunnfrådrag på bustad og fritidseigedom i 2026. Bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten skal brukast som grunnlag for berekning av eigedomsskatt for bustadar. Andre eigedomar har blitt taksert.

Melding om takst og skatt (eigedomsskattesetel) blir sendt ut innan utgangen av februar. Dersom du brukar Digipost, får du melding der. Har du reservert deg mot digital post, blir den sendt deg som brev.

Klagefristen er 13. april 2026.

Spørsmål og svar om eigedomsskatt