Sula kommune

Tur og friluftsliv

Barnehagen ligg idyllisk til på Molvær i Langevåg, med flott utsikt til Sulafjellet og mot havet !

Vi nyttar oss dagleg av det flotte området barnehagen ligg i, og vi vekslar mellom turar til fjells, skog og fjøre. Vi har flotte turmoglegheitar rett utanfor døyra!

Rammeplanen nevner i fleire fagområde at barnehagen skal inkludere barna i akivitetar som oppmodar til rørsle, der dei får samhandle med andre, oppleve glede og mestring. Slike erfaringar får barna i Langevåg barnehage året rundt, både ute og inne. Vi legg til rette for at barna får utforske naturen, gjere seg erfaringar i den og få gode friluftsopplevingar i fellesskap. På tur og ute får barna nytte sansane, oppleve, leike og lære - med kroppen som utgangspunkt !