Syngande barnehage – musikk frå livets begynnelse
Molvær barnehage er ein del av satsinga Syngande barnehage, som gir oss tilgang til ein ressursbank med idear til songar, regler, musikkaktivitetar og kurs for personalet.
Gjennom denne ordninga får vi inspirasjon til å bruke musikk aktivt i kvardagen – til glede for både barn og vaksne.
Eigen podcast
Syngande barnehage tilbyr også ein eigen podcast:
🎧 Musikk & barn-podden – finn den på Spotify eller YouTube.
Les meir på www.musikkfralivetsbegynnelse.no.
Foreldre med barn i Molvær barnehage får brukarnamn og passord som gir tilgang til alt innhaldet på nettsida.
Kvifor er musikk så viktig?
Forskning viser at musikk og song har stor betydning for barns utvikling:
- Skaper glede, fellesskap og gode opplevingar
- Bidrar til merksemd og positiv stemning gjennom dagen
- Styrker tilknyting og emosjonell utvikling
- Fremmar språkutvikling gjennom song, rim og reglar
Slik jobbar vi i Molvær barnehage
Vi har ein lang tradisjon med felles songsamlingar på tvers av avdelingane. Her syng vi både nye og gamle songar, spelar musikk, leikar og dramatiserer. Målet er å skape gode felles opplevingar, styrke samspel og ha det kjekt i lag.
Song er eit viktig verktøy i kvardagen – både i rutinesituasjonar og som kommunikasjonsmiddel. Før barn lærer å snakke, kan dei uttrykke seg gjennom musikkens språk. Musikk handlar ikkje berre om song, men også om bevegelse, lyd, rytme, stemningar og uttrykk.
Publisert 19.12.2025 17.00
Sist endra 19.12.2025 17.01