Her ligg barnehagen

Molvær barnehage ligg landlig til på Molvær, med Langevåg barnehage, Molvær senter og Devoldfabrikken som næraste naboar. Vi har kanskje den vakraste utsikta i Langevåg, med den flotte Geilnesfjøra og Breisundet berre eit steinkast frå barnehagen.

Barnehagen sitt uteområde er stort og flott med mellom anna gapahuk, kjøkkenhage, akebakke, sykkelbane, og ein magisk skog som innbyr til spanande leik.

Nærmiljøet vårt består av mellom anna fjøre, fjell og skog som byr på fleire gode turmoglegheiter som vi nyttar oss av. Vi går ofte på tur til mellom anna Æhammaren, Sandvikfjøra, Harhaugen, Vasset friluftspark, Lerheimskogen og Bolvika.

Nokre glimt frå turar i nærmiljøet:

Adresse

Geilneset 31 
6030 Langevåg