Å ha barn i barnehagen er ganske enkelt, vi ordner det meste i løpet av dagen.
Men der er enkelte ting som må kome heimefrå:
                    
                Vi i barnehagen er glade i å vere ute og å gå på tur, i all slags vêr. Det er derfor viktig at barna har godt med klede i barnehagen. Tenk årstid og vêr.
Vi har begrensa plass til oppbevaring,så ta med kleda heim når dei er våte eller skitne. Hugs å ta med reine neste dag.
Dette bør barnet ha liggande i barnehagen
	- 2 stk bukser (evt fleece/ull) /shorts (kortebukser)
 
	- 2 stk t-skjorter / ulltrøyer / bodyar
 
	- 2 stk strømpebukse / ullongs
 
	- 2 par sokkar (gjerne ull)
 
	- 2 gensarar ( evt fleece / ull)
 
	- 2 stk truser (eller fleire ved overgang frå bleie til truse)
 
	- 1 par tøfler/innesko
 
	- 2 stk hue
 
	- 2 par vottar (som toler vatn)
 
	- 1 hals
 
	- 1 sett regntøy
 
	- 1 dress (tilpassa årstid)
 
	- 1 par støvlar/cherrox
 
	- 1 par sko etter årstid
 
Ta med bleier om barnet bruker det. Gjerne slike med festing på sidene, så personalet slepp å ta av alle beinkleda for å skifte bleie. Om barnet treng anna salve enn zinksalve, så ta med det.
Når barnet skal slutte med bleie, snakk med personalet, så følger vi opp dette i barnehagen også.
	- Bleier (ikkje up&go)
 
	- Evt anna salve enn zinksalve
 
	- Mange truser og skift når barnet skal slutte med bleie.
 
Dei barna som har behov for å sove i løpet av dagen, får sove når dei har behov for det. Dette blir avtalt individuelt for kvart barn, spør gjerne personalet om råd.   Barna søv i vogn ute, oftast under tak. 
Barna søv i private vogner. Barnehagen eig nokre vogner. Spør personalet om vi har noko ledig til dykk. 
 
Ha i barnehagen:
	- vogn
 
	- sele
 
	- vognpose, eventuelt lita dyne, pute og ullteppe
 
	- regntrekk
 
	- myggnetting 
 
 
	- Drikkeflaske (ta med heim kvar dag for vask)
 
	- Solkrem (smør før de går heime frå)
 
	- Sekk med innhald til tur              
	
		- Eit skift i pose
 
		- Drikkeflaske