Opptakskriterier og prioriteringar for barnehagane

Ved opptak skal det takast omsyn til:

  • KODE 01
    §13 Barnehagelova, prioritet ved opptak pga. sakkunnig vurdering om nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester. Må dokumenterast.
  • KODE 02 
    Endring av type plass og/eller barnehage i Sula kommune. Gjeld for dei som alt har plass i privat eller kommunal barnehage i Sula.
  • KODE 03 
    Denne koden gjeld for:
    • Søsken av barn som alt har plass i den barnehagen det vert søkt
    • Personar med eigarinteresse i privat barnehage
    • Barn av personale i barnehagen
    • Barn av personale til andre prioriterte stillingar
    • Barn av tilsette i firma som har avtale med privat barnehage
  • KODE 04 
    Siste år før skulestart.
  • KODE 05 
    Skriftlege tilrådingar frå offentleg instans, lege og liknande. Må dokumenterast.
  • KODE 06 
    Utdanning. Minst ein av dei føresette med dagleg omsorg for barnet er under utdanning.
  • KODE 07 
    Einsleg forsørgjar.
  • KODE 08 
    Kultur / anna språk. Minst ein av dei føresette med dagleg omsorg for barnet har anna morsmål enn skandinavisk.
  • KODE 09
    Begge foreldre/føresette i arbeid.

Ved opptak og samansetting av barnegruppene skal det takast omsyn til at det vert ei rimleg fordeling med omsyn til alder, funksjonsnivå og kjønn.

Dersom meir enn ein kode er aktuell, bruk koden med lågast verdi.