Logoped

Logopedar gjev hjelp til barn og unge som har vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme. Kommunen har ikkje tilsett logoped sjølv, men PPT gjer sakkunnig vurdering som kan gje grunnlag for logopedhjelp.

Kva tilbyr vi?

Når logopedhjelp blir finansiert gjennom refusjonsordning i trygdesystemet (helsesrelaterte vanskar), vert rekvisisjon sendt til Helfo for vedtak. Dei som ikkje fell inn under denne ordninga (forsinka utvikling), kan etter melding til PPT og vedtak frå kommunen, få dekt utgiftene til logoped med kommunen.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge i førskule- og grunnskulealder som har behov for logopedhjelp på grunn av ulike språk- og talevanskar.

Korleis få tilbodet?

Føresette kan ta kontakt i hovudsak gjennom barnehagen/skulen eller helsestasjon/lege. Meldeskjema og samtykke frå føresette skal fyllast ut. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare? 

Etter melding er mottatt vil PPT utarbeide sakkunnig vurdering. Sula kommune vil gjere vedtak. Sula kommune har ikkje tilsett logoped, og kjøper tenester frå private logopedar. Etter vedtak kan føresette ta kontakt med logoped for vidare oppfølging. Forslag og kontaktinformasjon til logopedar vert lagt ved sakkunnig vurdering.  

Lover og reglar

Kontakt

Katrin Salen Torben
Konsulent
E-post
Telefon 95 71 02 22
Mobil 95 71 02 22
Synnøve Molvær Vågnes
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 99 53 75 27