Erasmus+

Erasmus+ gjennom EU er verdas største utdanningsprogram og støtter samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet frå barnehage, gjennom heile skuleløpet til og med vaksenopplæring. 

Oppvekst i Sula kommune er akkreditert i Erasmus + fram til 2027 , dette gir oss ein forenkla, forutsigbar og fleksibel måte å gjennomføre mobilitetsprosjekt på.  Internasjonalt utdanningssamarbeid er eit ledd i Kultur- og oppvekstplan2022-2032. I Noreg er ordninga leiia og organisert under Direktoratet for Høgare utdanning og kompetanse.  Sjå gjerne filmen Erasmus+: Det starter med deg

Sula, ein del av Europa

I barnehage og skule skal vi førebu barn og unge på ei framtid ingen av oss veit kva vil bringe. Framtidas kompetanse kan vere der vi er i dag eller noko heilt anna. Endringskompetanse og å styrke det einskilde barn si tru på seg sjølv og å gje dei eit godt fundament for framtida er viktig for oss. 

Gjennom ei satsing på eit europeisk utdanningssamarbeid vil vi auke den kulturelle forståinga for borna i Sula. Vi kan utvide horisonten vår samtidig som vi vil bli betre på å inkludere dei som kjem frå andre land til Sula. I eit Europa i stadig endring er det viktig med eit tett og godt samarbeid. Sula kan også bidra med erfaringar og kunnskap på viktige områder for samarbeidspartnarar. 

Kontakt

Britt Kleppe
Rådgivar
Telefon 95 71 22 57