Elevsyn - praktiske konsekvensar

Alle elevane ved Solevåg skule 


Er like verdfulle og skal behandlast med respekt

  •  uavhengig av alder/kjønn
  • uavhengig av bakgrunn/tidlegare episodar
  • uavhengig av prestasjonar, gi hjelp/utfordringar til alle
  • vere bevisst eigen oppførsel/behandling av elevar 

  Skal oppleve å bli sett i løpet av dagen 

  • ein del leksjonar i ”Det er mitt val”
  • vi må finne måtar å gi positive tilbakemeldingar på til elevane (dagleg), t.d. gule lappar, handhelse, klapp på skuldra 

Skal føle seg trygge 

  • synlege og aktive vakter ute
  • vere bevisst på å nytte fadderordninga
  • vaksne som bryr seg og ser til at alle har det greitt  
  • vi vaksne må vere tydelege, forutsigbare  - dagen bør vere forutsigbar  
  • klare og enkle ordensreglar
  • elevane må oppleve å bli tatt på alvor når dei seier ifrå
  • når dei som har vakt er borte, må desse erstattast  

Skal føle tilhørigheit 

 

  • alle skal høyre til i ei klasse
  • alle elevane skal sjå noko av sitt arbeid på veggen   
  • Mama Clara-prosjekt
  • at foreldra føler seg velkomne  
  • elevar få vere med på å pynte på skulen 

 Skal møte ein tilpassa skulekvardag 

  • tilpassa planar
  • meir vurdering av kvar dei står fagleg og sosialt
  • må hugse dei flinkaste og dei stillaste
  • ikkje gløyme klassa si effekt på felles læring
  • mappevurdering, bruk av denne
  • elevsamtalar, meir bruk og meir målretta
  • utarbeide læringstrapper
  • legge til rette for ulike læringsstilar
  • betre tilrettelagt uteområde 

 Skal møte tydelege, samstemte, forutsigbare og omsorgsfulle vaksne      

  •  klare og enkle ordensreglar -
  • arenaavklaring -
  • info til vikarar og nytilsette om reglar og rutinar 

Skal oppleve å ha venner 

 

  •  besøksgrupper
  • tiltak når nokon opplever å ikkje ha vener 

Skal oppleve å bli tatt på alvor og bli lytta til 

  • skal oppleve å bli tatt på alvor og bli lytta til når dei seier ifrå
  • elevane må lærast opp til å leggje fram saka si på ein skikkeleg måte
  • lære elevane til å halde avtalar/reglar
  • vi vaksne må behalde roa sjølve og prøve å sjå saka frå eleven sin ståstad