Læringssyn- praktiske konsekvensar

Elevane lærer best når dei trivst og er trygge

  • Vi skal arbeide for å skape eit godt klassemiljø.
  • Vi skal gjennomføre ”Mitt val”.
  • Vi skal ha tydeleg klasseromsleiing.
  • Vi skal gjennomføre minst to elevsamtalar med kvar elev, og elles ved behov.
  • Vi skal sørge for fellesopplevingar.
  • Vi skal bidra til god kontakt med heimen.
  • Friminutta:  
    • Vaktene skal vere synlege og involvere seg i elevane sin trivsel
    • Reglane skal vere klare og tydelege.
    • Det skal vere høve til variert leik.
    • Skulen skal ha fadderordning. . 

 
Elevane lærer best når dei møter variert og tilpassa undervisning      

  • Elevane skal oppleve å få oppgåver som utfordrar dei og som dei meistrar.      
  • Elevane skal lære dei læringsstrategiane som ligg til kvart trinn 

 
Elevane lærer best når dei har føresette som tek ansvar og ser at dei er viktige for eigne barn sin motivasjon og læringsutbytte.      

  • Foreldremøte med faste tema for kvart årssteg.      
  • Vi må legge til rette for at det er system som bringer fram kommunikasjon heim-skule, t.d;
  • ta i bruk felles tilbakemeldingsskjema som dei føresette fyller ut og tek med til kontaktmøta
  • vurderingsskjema/radar som foreldra fyller ut i forhold til læringsmåla
  • vekeplan med læringsmål 

 Elevane lærer best når dei har fysisk aktivitet kvar dag.

  • Utemiljøet skal stimulere til variert fysisk aktivitet.
  • Vi skal trekke fysisk aktivitet inn i undervisninga ved behov. Eks bruk av idear frå ”Mitt val – Leker-oppmuntrere-energiskapere”.
  • Vi skal oppfordre foreldra til å la elevane gå/sykle til skulen. 

Elevane lærer best når dei er delaktige i utforming av eigne mål for kunnskap, dugleik og haldning 

  • Elevane må, avhengig av modningsnivå, vere delaktige i utforminga.
  • Lære elevane bruk av ulike strategiar / verktøy. Desse må vere tilgjengelege i klasserommet.
  • Arena for å snakke om forbetringspotensiale: dagleg kontakt, utviklingssamtale, og kontaktmøte. 

Elevane lærer best når dei møter tydelege krav til eigeninnsats, blir vurderte og får tilbakemeldingar. 

  • Krava må vere konkrete.
  • Visualisere felles krav. Læringstrapp også for praktiske oppgåver.  
    • møt presis
    • ha med utstyr (blyant, viskelær, etc.)
    • utnytte tida
    • gjere lekse
    • gjere arbeid på skulen
    • jobbe med arbeidsro og orden i klasserommet.