Skulehelsetenesta

Kva tilbyr vi?

Helsesjukepleiar har open dør for alle elevar - kom gjerne innom for ein prat. Helsesjukepleiar samarbeider tverrfagleg og henviser vidare ved behov. Helsesjukepleiarane deltar i ansvarsgrupper og Samba-møter.

Faste tilbod frå skulehelsetenesta:

  • 1. trinn: Helseundersøkelse ved lege og helsesjukepleiar
  • 2. trinn: Vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og poliomyelitt (Tetravac), samt undervisning om vold og overgrep. 
  • 3. trinn: Måling av høgde og vekt. Oppfølging etter behov. Samtale om helse og trivsel, samt undervisning i klassen om kosthald, aktivitet, vennskap og søvn. 
  • 4. trinn: Undervisning i psykisk helse
  • 5. trinn: Pubertetsundervisning
  • 6. trinn: Vaksine mot meslingar, kusma, røde hunder (MMR vaksine).
  • 7. trinn: HPV vaksine for begge kjønn to doser
  • 8. trinn: Samtale individuelt om helse og trivsel. Måling av høgde og vekt
  • 9. trinn: Samlivsundervisning
  • 10. trinn: Vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og polio (Boostrix polio)

Vi tilbyr også:

  • Målretta helseundersøking i samråd med foresatte f.eks syn/hørsel.
  • Undervisning i ulike helserelaterte tema.
  • Foreldremøter
  • Formidle kontakt med lege

Kven kan få tilbodet?

Både elevar og føresette er velkomne til å ta kontakt med helsesjukepleiar.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt

Sula helsestasjon
Telefon 70 19 91 36
Irene Katrin Fiskerstrand
Helsesjukepleier

Sula ungdomsskule

Margunn Sporsheim
Helsesjukepleier
Telefon 70 19 91 36

Langevåg skule

Caroline Sylte Haugen
Helsesjukepleier

Solevåg skule og Langevåg skule

Wenche Kristin Relling
Helsesjukepleier

Solevåg skule og Rørstadmarka skule

Adresse

Besøksadresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg