Gå til skulen:
Det er lurt å velje den tryggaste vegen når de går til og frå skulen. Nokre stader kan stiar, gardsvegar eller liknande være tryggare å gå, sjølv om skulevegen kan bli litt lengre.
Om du må køyre bil til og frå skulen, er det lurt å vurdere å stoppe eit stykke unna skulen slik at barnet kan gå det siste stykket åleine eller saman med andre. Trafikken rundt skulen er ofte stor ved skulestart og skuleslutt. Til fleire som køyrer, dess fleire farlege og uoversiktlege situasjonar blir det for elevane.
Trygg trafikk anbefaler:
- Der det er mogleg bør barna gå til skulen, gjerne saman med vaksne. Frisk luft og fysisk aktivitet gir elevane ein god start på skuledagen.
- Øv på skulevegen saman med barna.
- Foreldre eller andre vaksne kan samarbeide om å følge og hente barna på skulen kvar sine dagar.
Sykle til skulen:
Det er foreldra som avgjer om elevane får sykle på skulevegen eller ikkje.
Skulen kan ikkje sette ei grense for når elevane kan sykle til skolen, men sykling åleine på og ved trafikkert veg er ikkje anbefalt før barna er 10-12 år gamle. Det er først i denne alderen at dei har forutsetningar for å kunne sykle i eit vanskeleg trafikkbilete. Før barna syklar åleine til skulen bør dei kunne grunnleggande trafikkreglar, meistre sykkelen godt, ha god balanse og kunne stoppe.
Trygg trafikk anbefaler:
- Barn bør vere 10-12 år gamle før dei syklar aleine i blanda trafikk. Det er først i denne alder at dei har forutsetningar for å kunne sykle i eit vanskeleg trafikkbilete
- Foreldre kan gjerne sykle saman med borna til og frå skulen før dei er gamle nok til å sykle aleine.
Les råd frå Trygg Trafikk: Sykling på skoleveien - Trygt frem og hjem.
El-sparkesykkel til skulen:
Det er foreldra som avgjer om elevane får bruke elsparkesykkel på skulevegen eller ikkje. FAU, i samarbeid med skulen, kan utarbeide føringar for kva som skal gjelde.
Krav til og regelverk for el-sparkesykkel og andre køyretøy som er definert som liten elektrisk motorvogn:
- Berre ein person er tillat på køyretøyet.
- Aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel er 12 år.
- Påbod om bruk av hjelm for barn under 15 år.
- Max 6 km/t når du passerer andre på fortauet.
- Max fart er 20 km/t (krav om sperre for hastigheit).
Sjå regler for elsparkesykler (Vegvesen.no)
Les råd frå Trygg Trafikks om trafikksikkerhet og elsykkel
Skuleskyss
Elevar i grunnskulen, barne- og ungdomsskulen, kan ha rett på skuleskyss.
Du har rett på gratis skuleskyss dersom:
- Du har meir enn 4 kilometer avstand mellom heim og skule. For førsteklassingar er avstanden 2 kilometer.
- Du på grunn av funksjonsnedsetting, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstand mellom bustad og skule.
- Du har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skule. Kommune gjer ei vurdering dersom avstanden er under skyssgrensa.
- Det er nødvendig med transport med hurtigbåt eller ferje, uavhengig av reiselengde mellom bustad og skule.
- Du har ikkje rett til fri skuleskyss i samband med SFO og leksehjelp.
Retningsliner for skuleskyss i Sula kommune, vedtatt i K-styret 19.03.2026 (PDF, 178 kB)
Ansvarleg for tenesta
Skuleskyss på grunnlag av avstand (2/4 km): Føresette søkjer via digitalt søknadsskjema. Skulen handsamar søknad og melder inn godkjent skyssbehov til fylket sin digitale skyssportal.
Skuleskyss på grunnlag av funksjonsnedsetting, skade eller sjukdom: Føresette søkjer via digitalt søknadsskjema: Søknad om skoleskyss. Skulen handsamar søknad og melder inn godkjent skyssbehov til fylket sin digitale skyssportal.
- (Her kjem eige digitalt skjema for Sula som blir erstatta av fylket sitt skjema)
Skuleskyss på grunnlag av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg: Føresette søkjer via digitalt søknadsskjema. Skulen gjer ei barnets beste vurdering ved å gjennomføre ein barnesamtale (hentar inn barnet si stemme) i saka og sender sak vidare til vegavdeling, som vurderer objektive forhold ved vegen. Rådgjevar oppvekst utarbeider grunnlag for vedtak i saka. Kommunalsjef oppvekst gjer vedtak i saka. Skulen bestiller transport i tråd med vedtak.