Levekår og heilskapeleg innsats - mellombels utval
Det mellombelse utvalet (heretter kalla MBU – levekår) vart oppretta av kommunestyre i møte 05.12.24, jf. K-sak 112/24. Det har 7 medlemmar.
MBU– levekår er oppretta med heimel i kommunelova §§ 5-1 d og 5-7.
Mandat
Det mellombelse utvalet skal ha:
- fortløpande orientering om framdrifta i prosjekta omtalt i kapittel 6 i forslag til budsjett for 2025
- statusoppdatering frå alle kommunalområda knytt til drift og utvikling.
- Det mellombelse utvalet kan, der det er naturleg, innstille i saker som er relatert til drifta i tenestene, f.eks. temaplanar, vedtekter, skulereglar m.m.
- Kommunedirektøren skal sjå til saker som blir lagt fram for mellombels utval er forsvarleg utgreidd. Utgreiinga skal gi eit faktisk og rettsleg grunnlag for å treffe vedtak, jf kommuneloven § 13-1, 3. ledd. Nemnde bestemmelse fastset også at det er kommunedirektøren som har det overordna faglege ansvaret for saksutgreiing, og at ansvaret er sjølvstendig.
Basert på kommunedirektøren si saksutgreiing, skal utvalet kome med innstilling til formannskapet og / eller kommunestyre, jf kommunen sitt ordinære møtereglement punkt 4c. (PDF, 812 kB)
Komande møte i MBU – levekår
Medlemmar
Publisert 29.04.2025 09.41
Sist endra 30.04.2025 09.05