Behov og rammer for rådgivingstenester

Formålet med denne anskaffinga er å få inn rådgivingstenester til ei moglegheitsstudie for nytt helsehus/tenestehus. Prosjektet er forankra i kommunen sin langsiktige drifts- og investeringsstrategi, og i budsjett- og økonomiplanen.

Vi ser for oss at vi kjøper tenester på analyse av behov, kartlegging av eksisterande bygg og mogleg etterbruk av desse, erfaringsinnhenting frå liknande prosjekt, komme med mogelege løysingar herunder vurdering av tomter.

Bakgrunn

Sula kommune står føre ei større demografisk endring med ei stor auke eldre i åra som kjem. Vi er nødt til å førebu oss på dette gjennom auke av kapasitet og moglegheit for effektiv drift. Vi har fleire bygg som har sprengt kapasitet. Legekontor, korttids-/rehabavdeling, storkjøkken og base for heimetenesta har store problem med for lite areal og uhensiktsmessige lokalitetar. Fleire bygg har manglande funksjonalitet og det er behov for samlokalisering for å oppnå meir effektiv drift. Dette er dei mest akutte behova som må beskrivast løysing for, herunder:

  • Ny moderne korttidsavdeling med ca 30 institusjonsplassar tilrettelagt for aktiv behandling, vurdering, rehabilitering og korttidsopphald. Eigen fløy som enkelt kan tilretteleggast for smittebehandling og pandemidrift med eigne isolat.
  • Nytt legekontor med plass til inntil 16 fastlegar, samt 2–3 gjestekontor til studentar etc. Legekontoret må tilretteleggast for pandemidrift med moglegheit til å dele drifta dersom det må etablerast eigen luftvegs-/feberklinikk.
  • Ny felles base for heimetenestene.
  • Nytt storkjøkken som skal kunne levere inntil 300 middagar pr dag (kok-kjøl). Kjøkkenet skal òg kunne levere enkle rettar til felles kantine/kafé. I dag har kjøkkenet både kok-kjøl og kok-server. I dag leverer dei 180 middagar. Eventuelt nytt kjøkken må ha kapasitet til å lagre tørrvarer og kok-kjøl måltid. Det må vere rein og skitten sone i samsvar med forskrift. Varemottak med rampe.

Eit tenestesenter kan vere ein viktig del av løysinga på desse utfordringane. Bygget skal vektlegge utforming som vil legge til rette for effektiv drift med god kvalitet som dannar grunnlag for attraktive arbeidsfellesskap (viktig for rekruttering) og gje oss tilstrekkeleg kapasitet for åra som kjem.

Analyse av framtidig behov og mogelege løysingar, herunder eksisterande bygningsmasse

Dagens dekningsgradar og framskriving av behov komande tiår må leggast til grunn for dimensjonering av kapasitet.
Det må vurderast utnytting av dagens bygningsmasse, og eventuell ledige bygg ved eventuelt bygging av nytt helsehus / tenestehus. Det må vurderast tomteval/plassering og eventuelt om helsehuset skal byggast av andre enn Sula kommune. Det må i tillegg vurderast om det er naturleg med eksterne leigetakarar som NAV, distriktstannlege og kva for synergiar dette kan gje.
Vurdering av dagens lokalitetar med tanke på gjenbruk må belysast, herunder lokalitetar ved rådhuset som evt vert frigjort.

Viktige kvalitetar ved bygget

Synergiar ved samlokalisering må belysast og sannsynleggjerast.
Internlogistikk i bygget skal vektleggast med korte avstandar som legg til rette for rasjonell og smidig bruk av personellet.
Sambruk av fellesareal som foajé, kantine, møterom, garderobar etc.
Det er ønskjeleg å undersøke moglegheita for å legge opne publikumsfunksjonar som bibliotek, kulturscene for intimkonsertar etc. inn i bygget à la Stella Maris i Vestnes kommune.
Sula kommune manglar ein skikkeleg «kommunestyresal» som evt kan samlokaliserast i bygget.
Vidare manglar kommunen livssynsnøytralt seremonirom som kan planleggast.
Det skal belysast moglegheiter for å bygge sjølveigar omsorgsleilegheiter for sal i den opne marknaden, evt gjennom tilvisingsavtalar gjennom Husbanken sine ordningar.
Det skal vurderast å legge til rette for eksterne leigetakarar, som NAV, Distriktstannklinikk, Apotek, andre private helseaktørar.

Plassering av bygget og mogleg gjennomføringsmodell

Tenestesenteret skal lokaliserast sentralt i Langevåg. Tomteanalysen må ta høgd for mogleg utbygging i fleire trinn.
Tenesteanalysen må innehalde ei vurdering av mogleg gjennomføringsmodell, eigen regi, OPS, samarbeid med KLP.

Politisk involvering og vedtaksprosess

Muligheitsstudiet skal danne grunnlag for politisk beslutning om vidare prosess med forprosjekt. Det må leggast til rette for politisk involvering i prosessen fram til sluttrapporten er ferdig. Vi ser for oss innleigd konsulent vil bli med heile denne prosessen, fram til ein sluttrapport.