Kvifor vi treng eit nytt tenestehus

Sula kommune står framfor store demografiske endringar, med ein venta vekst i talet på eldre innbyggarar. Dette gjer det nødvendig å planlegge og gjennomføre investeringar i helse- og omsorgstenester, med særleg vekt på å auke kapasiteten, samle tenester og sikre effektiv drift.

Samtidig har kommunen utfordringar med både kapasitet og eigna lokale innan helsefeltet og på andre område – som livsnøytralt seremonirom, kommunestyresal, bibliotek og mindre kulturscene.

For å møte desse behova har kommunen vedteke å gjennomføre ei forstudie/moglegheitsstudie for eit nytt helsehus eller tenestehus. Målet er å få eit godt grunnlag for strategiske val om framtidig utbygging og tenestetilbod.

Studien skal mellom anna:

  • kartlegge dagens bygningsmasse og vurdere ombruk og eventuell etterbruk
  • gjennomføre behovsanalyse
  • hente erfaringar frå liknande prosjekt
  • analysere ulike løysingar og tomtealternativ
  • vurdere ulike måtar å gjennomføre prosjektet på (t.d. i eigen regi, som OPS-prosjekt eller i samarbeid med KLP)

Målet er å etablere eit fleksibelt tenestesenter som legg til rette for framtidsretta drift, gode arbeidsplassar og eventuelle eksterne leigetakarar.

Prosessen skal vere strukturert, med høg kvalitet og brei politisk involvering fram mot ei avgjerd om vidareføring i forprosjektfasen. Første milepæl er ein delrapport til den politiske strategisamlinga 6. november 2025.

Dette krev ein metodisk tilnærming, erfaring med strategiske utgreiingar og evne til å involvere ulike interessentar på ein god måte.