Har du stemmerett?
For å kunne stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2025 må du ha stemmerett og vere innført i manntalet i ein kommune.
Kven har stemmerett:
- Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2025, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg.
- Statsborgarar i Danmark, Finland, Island eller Sverige som har fylt 18 år innan utgangen av 2025, og er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2025.
- Personar som ikkje er norske statsborgarar, men som har fylt 18 år innan utgangen av 2025 og har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.
Står du i manntalet?
Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ei kommune. For å kunne stemme ved valet må du stå i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregistreret som busett i den 30.06.25,
Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på innbyggartorget frå midten av juli (brukar vere om lag 10.) og fram til og med valdagen 8. september. Opningstida er måndag og onsdag kl 09.00 – 13.00. Du kan gjere avtale med valsekretariatet for å kunne sjå manntalet utanom opningstidene.
Har du nettopp flytta og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2025, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje å stemme der valdagen, eller førehandsstemme i Sula.
Meiner du det er feil i manntalet, kan du ev. sende inn klage til Valstyret, e-post: post@sula.kommune.no
Er du ny statsborgar?
Som ny statsborgar med stemmerett blir du ført inn i manntalet i kommunen der du er folkeregistrert som busett i. Dette gjeld også om du har blitt ny statsborgar etter skjeringsdatoen 30. juni.
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg ein gong i løpet av siste 10 år, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå landet.
Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søke di siste bustadkommune om å bli innført i manntalet.
Har du aldri vore folkeregistrert som busett i Noreg, må du søke til Oslo kommune.
Du kan lese meir om manntalet på Valdirektoratet sine nettsider