Partipolitisk fordeling og medlemmar av kommunestyret 2023 - 2027

Her finn du ei oversikt over resultatet frå Kommunestyrevalet 2023 for Sula kommune, kva parti som er representert, og kven som skal sitte i kommunestyret i perioden 2023 - 2027.

Valresultatet vart godkjent av valstyret i Sula kommune på møte tysdag 12.09.2023.

Valprotokollen finn du her.

Totalt  4 749 av 7 223 røysteføre avga stemme, noko som er ein oppmøteprosent på 66,3 %. Det er ein oppgang frå 2019, då oppmøteprosenten var 62 %.

Valresultat

Desse partia er representert i Sula kommunestyre i perioden 2023 - 2027

Resultat frå kommunestyrevalet 2023
PartinamnOppslutning (%)Endring sidan 2019Tal på representantar i kommunestyret
Framstegspartiet31,8+ 1,89 (0)
Høgre21,6+ 7,36 (+2)
Arbeidarpartiet20,3+ 0,96 (0)
Kristeleg folkeparti9,5- 1,63 (0)
Sulalista9,4- 5,53 (- 1)
Sosialistisk Venstreparti4,6- 1,11 ( - 1)
Venstre2,7+ 2,71 (+ 1) *

* I perioden 2019 - 2023 hadde Venstre/MDG felles liste, dei hadde ein representant i kommunestyret.

Ordførar og varaordførar

Turid Kristin Sand Humlen ( H) blir ny ordførar, Bendik Valseth Havnegjerde (Frp) varaordførar, og Øystein Båtnes (frp) leiar for Plan og Miljøutvalet.

Medlemmar i kommunestyret 2023 - 2027

 

Meir om valet finn du på valdirektoratet sine sider.