Partipolitisk fordeling og medlemmar av kommunestyret 2023 - 2027

Her finn du ei oversikt over resultatet frå Kommunestyrevalet 2023 for Sula kommune, kva parti som er representert, og kven som skal sitte i kommunestyret i perioden 2023 - 2027.

Valresultatet vart godkjent av valstyret i Sula kommune på møte tysdag 12.09.2023.

Valprotokollen finn du her.

Totalt  4 749 av 7 223 røysteføre avga stemme, noko som er ein oppmøteprosent på 66,3 %. Det er ein oppgang frå 2019, då oppmøteprosenten var 62 %.

Valresultat

Desse partia er representert i Sula kommunestyre i perioden 2023 - 2027

Resultat frå kommunestyrevalet 2023
Partinamn Oppslutning (%) Endring sidan 2019 Tal på representantar i kommunestyret
Framstegspartiet 31,8 + 1,8 9 (0)
Høgre 21,6 + 7,3 6 (+2)
Arbeidarpartiet 20,3 + 0,9 6 (0)
Kristeleg folkeparti 9,5 - 1,6 3 (0)
Sulalista 9,4 - 5,5 3 (- 1)
Sosialistisk Venstreparti 4,6 - 1,1 1 ( - 1)
Venstre 2,7 + 2,7 1 (+ 1) *

* I perioden 2019 - 2023 hadde Venstre/MDG felles liste, dei hadde ein representant i kommunestyret.

Ordførar og varaordførar

Turid Kristin Sand Humlen ( H) blir ny ordførar, Bendik Valseth Havnegjerde (Frp) varaordførar, og Øystein Båtnes (frp) leiar for Plan og Miljøutvalet.

Medlemmar i kommunestyret 2023 - 2027

 

Meir om valet finn du på valdirektoratet sine sider.