Overskøyting og konsesjonsfritak

Når ein eigedom skal bytte eigar (overskøytast), så må det sendast inn skøyte til Kartverket på Hønefoss. Sjå Kartverket si nettside for skjema og hjelp til utfylling. Før skøyte kan sendast inn til Kartverket, så må kommuna i dei fleste tilfella registrere opplysningar om nye eigarar i matrikkelregisteret (konsesjonsfridom ved kjøp av fast eigedom). Les meir om konsesjonsfridom under.

Konsesjonslova regulerer omsetning av fast eigedom. Det er nødvendig med konsesjon for å erverve (overta) fast eigedom.

Dei fleste erverv av fast eigedom er konsesjonsfrie. Når konsesjonsfrie erverv skal tinglysast (overskøytast), må den nye eigaren dokumentere at ervervet er konsesjonsfritt. Dette vert gjort ved å fylle ut eigenerklæring om kosesjonsfridom og sende denne til kommuna. Ved nokre tilfelle er det ikkje nødvendig med eigenerklæring, sjå under.

Når treng du ikkje å fylle ut eigenerklæring om konsesjonsfridom

  • Dersom eigedomen du ervervar er bebygd og under 2 mål (dekar)
  • Dersom ervervet omfattar ein bustadseksjon
  • Se forøvrig Kartverket sitt rundskriv 15.1

For desse tilfella kan skøyte sendast til Kartverket utan at eigenerklæring om konsesjonsfridom er levert til kommuna. 

Eigenerklæring om konsesjonsfridom (konsesjonsfritak)

Ved eit konsesjonsfritt erverv, så må kommuna stadfeste konsesjonfridommen i matrikkelen (eigedomsregisteret) før skøyte vert sendt til Kartverket for tinglysing.

Sjå Kartverket si nettside om konsesjon for meir informasjon.

Konsesjon

Dersom ervervet ikkje er konsesjonfritt, må du søke konsesjon. Sjå Landbruksdirektoratet si nettside for meir informasjon. 

 

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 68
Tor Even Pedersen
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 67