Nedgraven oljetank

Det er du som er ansvarleg for at oljetanken på din eigedom ikkje lek. Dersom det skjer lekkasjar i naturen eller på naboen sin eigedom,  er det du som må dekke kostnadar til opprydding og det kan bli dyrt.

Forbod mot fyring

Regjeringa innfører forbod mot bruk av mineralsk olje  (t.d. fyringsolje og parafin) til oppvarming av bygg frå 2020. Målet er å redusere klimagassutsleppa.

Har eg oljetank på min eigedom?

Sula kommune har ingen oversikt over gamle nedgravne tankar for fossilt brensel.

Tips for å identifisere ein eventuell tank:

  • Om huset ditt er bygd i perioden 1965-1980 aukar sjansen for at du har ein tank
  • Sjå etter påfyllingsrøyr og/eller luftespir. Vanlegvis er dette to stålrør plassert tett inntil husvegg, garasjevegg, gjerde eller liknande. Sjå eventuelt etter avkappa røyr
  • Tanken kan ligge fleire stader. Den kan være gravd ned ute i hagen, murt inne under huset/oppkjørsel eller være plassert i kjellaren
  • Følg røyra frå fyringskjelen for å forsøke å lokalisere tanken
  • Kontakt eit firma for å ta ei synfaring på din eigedom

Når må oljetanken min kontrollerast?

Oljetankar over 3200 liter skal med jevne mellomrom gjennomgå tilstandskontroll for å sikre at tanken er i trygg stand.  Huseigar er sjølv ansvarlig for å vite kvar tanken ligg, samt kva størrelse og tilstand den er i. Ta kontakt med eit godkjent firma for å få hjelp til lokalisering og tilstandskontroll. Kor ofte tanken skal kontrollerast er avhengig av tanken sin alder og byggemateriale. Ein oljetank har begrensa levetid og dei fleste tankane må skiftast ut etter 30-40 år. Etter dette kan slitasje og erosjon føre til lekkasjar frå tanken.

Oljetankar under 3200 liter må ikkje gjennomgå regelmessige tilstandskontrollar, men huseigar har likevel ansvar for at tanken er i trygg stand, og for eventuelle lekkasjar.

Slik blir du kvitt oljetanken

  • Tanken må tømmast og gjerast rein av eit godkjent firma. 
  • Når tanken er tømt og reingjort kan du sjølv eller eit firma grave den opp og levere til godkjent mottak. Gamle oljetankar vert rekna som farlig avfall.
  • Gje beskjed til kommunen om at tanken er fjerna slik at vi kan registrere det på eigedommen din

Søk støtte 

Hjå Enova kan du få tilskot til fjerning av oljetank dersom du samtidig skal installere meir miljøvennlig oppvarming.

 Søk støtte fra Enova

Meir informasjon

På Miljødirektoratet sine sider kan du lese meir om nedgravne oljetankar.

Kontakt

Birgitte Valderhaug
Senioringeniør
E-post
Telefon 95 84 40 38

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)