Søke om kommunal gjennomgangsbustad

Om du ikkje klarer å skaffe deg ein eigna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp, kan du søke om å leige kommunal gjennomgangsbustad

Kommunal gjennomgangsbustad er eit mellombels tilbod, ordinær varigheit for leige er 3 år. Vi gjer merksam på at det pr. i dag er venteliste på leige av kommunal gjennomgangsbustad i Sula kommune. 

Kven kan få tilbodet?

Du må vere

  • over 18 år
  • folkeregistrert i Sula kommune. 
  • utan eigna bustad
  • utan inntekt og formue som gjer deg i stand til å skaffe deg bustad på eiga hand.

Korleis søke?

Fyll ut søknadsskjema

Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet i innbyggartorget på rådhuset i Sula kommune. 

Søknadsfrist

Søknadane blir behandla fortløpande. 

Pris

Husleige for kommunale gjennomgangsbustadar 2022
Adresse Husleige pr. mnd
Hølevegen 35 - 41 10 792,00
Hølevegen 76 - 80 13 909,00
Djupdalen 62 5 452,00
Djupdalen 64 14 246,00
Nymarkvegen 70 9 533,00
Nygjerdet 3 h.etg. 13 507,00
Nygjerdet 3 kjellar 9 112,00

Kva skjer vidare?

Om du får tildelt bustad, blir det inngått ein tidsbestemt leigeavtale mellom deg og Sula kommune. Ordinær varigheit for leige er 3 år.

Du vil som hovedregel bere få eit tilbod om bustad. Om du takkar nei til den bustaden du får tilbod om, avsluttar vi saka di og fjernar deg frå ventelista.

Det blir stilt krav om at du inngår avtale med Sula kommune om oppfølging av burettleiar. Det er venta at du sjølv aktivt prøver å finne annan bustad innan leigeavtalen gjeng ut.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Kontakt

Anne Lise Salen
fagleiar
E-post
Telefon 48 13 99 09
Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.