Tilskot til bustad

Har du havna i ein økonomisk vanskeleg situasjon og slit med å skaffe deg bustad eller behalde den du har? Då kan du søke om tilskot frå kommunen du bur i. Sula kommune har avgrensa midlar til desse ordningane, og gir tilskot i samsvar med retningslinjene så lenge midlane strekk til. 

 Tilskota er mest aktuelle der startlån åleine ikkje strekk til. Du kan med andre ord søke om ein kombinasjon av startlån og tilskot.

Tilskot er behovsprøvd.

Slik søker du?

Søknadsskjema

Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden i innbyggartorget på rådhuset i Sula kommune.

Kva skjer vidare?

Søknadar blir behandla i sakbehandlingssystemet til Husbanken, Startskudd. Alle søknader blir gjennomgått av minst ein saksbehandlar og minst ein fullmaktshavar, i særskilte høve kan søknadane bli behandla av Kredittutvalet i Sula kommune. 

Saksbehandlingstida er avhengig av kor fort vi får inn all nødvendig dokumentasjon til søknaden. Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all nødvendig dokumentasjon er mottatt.

Normal behandlingstid er 2 - 3 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Lover og reglar

Kontakt

Elise Hovden Reknes
saksbehandlar
E-post
Telefon 48 12 03 80

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.