Ergoterapi

Kva tilbyr vi?

Ergoterapeuten skal gi rettleiing og bistand til personer i alle aldersgrupper som av ulike årsaker har eller står i fare for å få funksjonsnedsetjing. Gå inn med førebyggande tiltak der dette er nødvendig. Funksjonsvurdering, tilrettelegging av omgevnader, rettleiing og behandling av aktuelle problem, samt vurdere behov for hjelpemidel.
Ei sentral oppgåve er og å gje råd og rettleiing til andre kommunale tenesteinstansar.

Kven kan få tilbodet?

Dei som har behov for råd, rettleiing eller behandling etter fagleg vurdering frå ergoterapeut.

Korleis få tilbodet?

Ta direkte kontakt med ergoterapitenesta. Kontaktinformasjon finn du under.
Du kan og benytte tilvisningsskjema for rehabiliteringstenesta, som du finn ved å trykke her.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Ergoterapeut tar kontakt for vurdering og eventuelt vidare oppfølging.

Kontakt

Kanutte Høidahl
Ergoterapeut for vaksne og eldre. Hørselskontakt
E-post
Telefon 41 42 55 64
Jonas Myhre Fagervoll
Ergoterapeut for barn og unge, kvardagsrehabilitering og hørselskontakt
E-post
Telefon 90 06 43 59

Adresse

Besøksadresse
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg