Omsorgsstønad

Kva tilbyr vi?

Omsorgsstønad/omsorgsløn kan gis til deg som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Omsorgsarbeidet må skje i eigen heim. Målet er at familien kan fortsette å ha omsorg for sine næraste. Omsorgsstønad er eit fast beløp pr. mnd. som gjev ei godtgjering for nokre av dei timane du brukar på pleie og omsorgsarbeid i heimen.
Stønaden dekker ikkje tapt arbeidsfortjeneste ved redusert stilling og er heller ikkje noko ein har krav på. Omsorgsarbeidet må vere vurdert som særleg tyngande og gjelde oppgåver som er naudsynte og som elles ville blitt ytt av det kommunale hjelpeapparatet. Det vert også vurdert om omsorgsstønad er det beste alternativet, evt. saman med andre hjelpetiltak. Er det ikkje søkt hjelpestønad frå NAV må du søke om dette.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Ta kontakt med tiltakskontoret ved Sulatunet ved behov for meir informasjon og evt. behov for bistand til utfylling av søknad.

Kva skjer vidare?

Søknadar vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar på søknaden innan 3 veker skal du motta eit svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart.

Klage

Klagefristen er 3 veker. Viser elles vil informasjon om klage i vedtaket.

Kontakt

Astrid Engetrøen
Tiltakskontoret
E-post
Telefon 95 71 02 52