Kva kan du få hjelp til?

Friskliv og meistring er ei kommunal teneste. Målet er å fremme fysisk og psykisk helse, og førebygge eller redusere utvikling av sjukdom. 

Kven kan få tilbodet?

Friskliv er eit tilbod til deg som ønsker å få eit betre kosthald, bli meir fysisk aktiv, slutte med snus og røyk, eller bli sterkare psykisk. Det passar for deg som ønsker å endre levevanar, førebygge sjukdom og meistre helseutfordringar.

Kva er frisklivsresept?

Tilbodet kan vere utetrening i gruppe (intervall og styrke), eigentrening med treningsprogram, rettleiing innan kosthald, søvn, treningslære og tobakksavvenning. Vi har kurs i "5 grep for ein betre kvardag" og avspenningsteknikk.

Frisklivsresepten har vanlegvis ei varigheit på inntil 12 veker, men kan variere noko avhengig av utgangspunkt og formål. Tilbodet er primært gruppebasert, men med individuelle oppfølgingssamtalar.

Frisklivsresepten startar alltid med ein helsesamtale for å kartlegge behov, sette mål og finne fram til det tilbodet som er best eigna for deg. I tillegg blir det ein samtale midtvegs, samt ein samtale heilt til slutt for å evaluere og sjå på vegen vidare.

Korleis få tilbodet?

Du kan bli henvist av fastlege, anna helspersonell eller NAV, du kan også ta direkte kontakt med oss ved å fylle ut skjemaet under.

Frisklivsresept tilvising 

Nyttige lenker til ting du kan gjere sjølv

Nyttige lenker på nett

Under punktet Tips til kva du kan gjere sjølv finn du fleire tips til kva du kan gjere på eiga hand,  kanskje kan du alliere deg med ein god ven?

Kontakt

Evie Høyberg
Fysioterapeut for vaksne og frisklivskoordinator
E-post
Telefon 95 71 02 60