Tips til kva du kan gjere sjølv

God Helse Sula er namnet på Sula kommune si satsing på folkehelsearbeid. Vi ønsker å fremme helsa til innbyggarane i kommuna vår gjennom aktivt helsefremmande, førebyggande og inkluderande arbeid.

Klikk på lenkene under for å lese meir korleis du sjølv kan ta grep for å betre helsa di.

Treng du hjelp til å komme i gang?

Då kan kanskje Friskliv og meistring vere noko for deg. Friskliv er eit tilbod til deg som ønsker å få eit betre kosthald, bli meir fysisk aktiv, slutte med snus og røyk, eller bli sterkare psykisk. Det passar for deg som ønsker å endre levevanar, førebygge sjukdom og meistre helseutfordringar, og som treng litt hjelp til å kome i gang.

Du finn meir informasjon om Friskliv og meistring her.

Kontakt

Renate Love
Fysioterapeut for kvardagsrehabilitering og folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 95 75 15 10
Evie Høyberg
Fysioterapeut for vaksne og frisklivskoordinator
E-post
Telefon 95 71 02 60