Kreftkoordinator

Kva tilbyr vi?

Kreftkoordinator kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar av sjukdomen, samt for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Koordinatoren kan gi råd, rettleiing og samtalar, og vere med å sikre trygg omsorg i heimkommunen. Koordinatoren kan også vere eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunen.

I tillegg til Kreftkoordinatoren har kommunen fleire kreftsjukepleiarar tilsett i ulike avdelingar som kan tilby hjelp og støtte.

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Alle som får ei kreftdiagnose får tilbod om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft". Pakkeforløpet skal sikre ein god overgang mellom sjukehus og kommune, slik at pasient og pårørande skal for god oppfølging gjennom heile forløpet.  Pakkeforløpet er eit tilbod om samtalar for å få fram dine behov for tenester og oppfølging, utover sjølve kreftbehandlinga. Det er din livssituasjon, og kva som er viktig for deg, som skal stå i fokus. 

Meir informasjon om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft"  (PDF, 984 kB)

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er tilgjengeleg for deg som har kreft eller til deg som er pårørande.

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt med kreftkoordinatoren på telefon eller e-post.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kontakt

Tanja Alme
Kreftkoordinator
E-post
Telefon 90 70 97 85

Adresse

Besøksadresse:
Stadsnevegen 9
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.