Ung mestring

Ung Mestring er eit prosjekt som rettar seg mot ungdom i alderen 16 - 30 år som har fråfall frå skule, lite eller ingen arbeidserfaring, eller kjenner på manglande meistring og utanforskap.

Kva tilbyr vi?

Ung Mestring inneber ei god og omfattande kartlegging av den enkelte, samt hjelp til å komme ut i meiningsfull aktivitet eller jobb.

Korleis arbeider vi?

Vi legg vekt på relasjonsbygging, frivillegheit og motivasjonsskapande aktivitetar.

Vi bygger motivasjon ved å vektlegge deltakarane sine interesser og ferdigheiter, med fokus på meistring og tolmod.  Vi samarbeider tett med andre tenester, næringsliv og frivillege organisasjonar. Vi har fokus på jobb allereie tidleg i løpet.

Arbeidet blir tilrettelagt for den enkelte, med stor vekt på brukarmedverknad, der deltakarne sjølve får sette ord på sine mål for deltakinga i prosjektet. Oppfølginga er fleksibel og baserer seg på gjensidig respekt mellom deltakar og rettleiar.

Samtalar og møter er lagt utanfor NAV-kontoret.

Vi arbeider kontinuerleg med å utvide tilbodet, samt samarbeidet med sosiale tenester og andre kommunale instanser.

Korleis få tilbodet?

Du kan ta kontakt med rettleiar på telefon eller e-post, sjå kontaktinformasjon under. Vi minner om at du ikkje skal sende sensitiv informasjon per e-post.

Kontakt

Ingrid Emblem
Prosjektkoordinator Ung mestring
E-post
Telefon 41 24 21 59