Krisehjelp/psykososialt kriseteam

Kva tilbyr vi?

Psykososialt kriseteam bistår for ei kort periode ved større hendingar der det normale hjelpeapparatet ikkje strekk til. Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette frå ulike arbeidsplasser i kommunen.

Kven kan få tilbodet?

Gruppa vert normalt varsla og aktivert av lege/brann/politietat/prest/rådmann/ordførar når det skjer større hendingar med behov for psykososial oppfølging. Hjelpa vert i første omgang konsentrert rundt næraste familie og omgangskrets.
Gruppa skal ikkje erstatte, men bistå det normale hjelpeapparatet når dette ikkje strekk til , og er inne å bidrar i ei akuttfase.

Korleis få tilbodet?

Har du behov for oppfølging etter ei hending skal du i utgangspunktet nytte det vanlege hjelpeapparatet som t.d. fastlegen din. Legekontoret vil evt. henvise eller ta kontakt med gruppa om der ikkje er kapasitet til oppfølging.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva skjer vidare?

Når gruppa vert kalla ut eller får varsla behov tek dei kontakt så snart dei kan. Gruppa samarbeider tett med andre instansar i akuttfasen.