Psykisk helsehjelp for vaksne

Psykisk helseteneste for vaksne gir helsehjelp til personar som har psykiske vanskar. 

Kva tilbyr vi?

 Tilbodet du får er individuelt tilpassa og avhengig av dine behov. Det kan vere:

  • terapeutiske samtalar med fokus på auka eigenmestring
  • hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
  • individuell plan, ansvarsgruppe og hjelp til å finne riktige tenester
  • samarbeid med fastlege og andre hjelpeinstansar
  • medisinadministrering

Kven kan få tilbodet?

Tenesta held til i kjelleren ved Sloghaugvegen 28, og er for vaksne over 18 år med behov for oppfølging knytt til psykiske helseutfordringar.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Tilbod frå tenesta blir gitt etter henvisning frå t.d. fastlege, sjukehus, poliklinikk, ambulante team, Nav, helsestasjon, kriseteam og liknande. Ein kan sjølv søke teneste på skjema 

Kva kostar det?

Psykisk helsehjelp i kommunen er gratis. 

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.

Kontakt

Silje Standal
Avdelingsleiar psykisk helseteneste
E-post
Telefon 90 68 72 49