Johansplattingen

Fiskeplattingar (vòrer) vart bygde rundt århundreskiftet 1800-1900 og nytta til soltørking av salta fisk, mest torsk, men også sei, brosme og lange.
 

Klippfisktørking var ei viktig inntektskjelde for familiane rundt i distriktet, og der bøndene hadde strandline, vart stein frå dyrka mark nytta til fiskeplattingar. Svaberg der dette fanst, vart også nytta til tørking.
Andre måtar å tørke fisk på, var å strekke strengar over trestokkar som låg på bukkar. Slike fiskehjellar låg gjerne på skrinne, berglendte stader nær veg. Slik fekk ein kapasitet til å tørke meir fisk.

Klippfisktørking ute var vanleg fram mot slutten av 1950-talet, og gav ei viktig inntekt til hushaldninga for gardane langs kysten. Tørking i sjøbuene med elektrisk tørke vart etter kvart meir vanleg og meir effektivt.