Inkasso og inkassovarsel

Sula kommune har inngått samarbeid med Intrum (tidligare Lindorff) på innfordringstenester. Det vil sei at Intrum vil handtere alle fakturakrav frå kommunen som ikkje blir betalt innan fristen.

Feil i faktura

Om du meiner det er feil i ein faktura du har mottatt frå Sula kommune må du ta kontakt med oss før forfallsdato på telefon 70 19 91 00 eller e-post: okonomi@sula.kommune.no 

Kva skjer om du ikkje betalar innan fristen?

Om fakturaen ikkje blir betalt og vi ikkje høyrer frå deg, sender vi kravet vidare til Intrum for innfordring.

Intrum vil så sende inkassovarsel på vegne av Sula kommune. Inkassovarsel er ei betalingpåminning. Om varselet ikkje blir betalt innan fristen vil kravet blir øverført til inkasso.

Meir informasjon om inkassoprosessen finn du her.

Kontaktinformasjon

Når eit fakturakrav er overført til Intrum for oppfølging, skal vidare kontakt og betaling skje direkte til Intrum.

Om du har innvendingar til inkassovarselet eller inkassosaka, må du ta kontakt med Intrum så raskt som mogleg. Intrum sine saksbehandlarar hjelper dagleg til med å finne gode løysingar  for personar som har betalingsutfordringar. Ikkje ver redd for å ta kontakt slik at de saman kan finne den beste løysinga for korleis du skal få betalt det du skuldar. 

Webportal

Er du privatperson og har mottatt inkassovarsel eller inkasso frå Intrum kan du kontakte dei gjennom webportalen deira.  Du må logge inn med digital ID, til dømes BankID. Hjelp til å logge på.

I webportalen får du hjelp til følgande:

  • Betale kravet ditt
  • Søke om å få utsett betalinga, og få ein nedbetalingsplan
  • Få oversikt over uteståande fakturaer

Telefon

Du kan også kontakte Intrum på telefon 23 21 10 00

Opningstider:

  • Mandag - torsdag: 08:00 - 21:00
  • Fredag: 08:00 - 20:00
  • Lørdag: 10:00 - 15:00