Etablerarprøven for serveringsstad

Kven kan ta prøven?

Alle som ønsker det kan ta etablererprøven. Om du skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablererprøven.

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum. innbyggartorget i Sula kommune har eit eksemplar av boka til utlån. I tillegg kan du kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte, samt få moglegheit til å teste deg sjølv, på vinn.no.

Kva kostar det?

Pris for bevilling - etablerarprøven - pris
Pris
Etablerarprøven - pr. prøve 400,00

Du betalar når du møter for å ta prøven. Du kan betale kontant eller med kort.

Kvar tar du prøven?

I innbyggartorget på rådhuset. Du kan også ta prøven i andre kommuner. 

Gjennomføring av prøven

  • Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førerkort eller bankkort med bilde.
  • Du må levere frå deg telefonen før du tar prøven.
  • Prøven er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøven er på norsk, det er ikkje anledning til å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling, det kan du få låne i innbyggartorget. 

Tilrettelegging ved spesielle behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelser, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.

Kor mange gongar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve.

Påmelding 

Ta kontakt med oss på telefon 70 19 91 00 eller e-post for å avtale tid. 

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar eller vi kan sende det til deg på e-post.

Lover og reglar

Kontakt

Anne Lise Salen
fagleiar
E-post
Telefon 48 13 99 09
Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.