Samarbeid og overgangar

Førre barnehageår arbeida vi med overgangar i barnehagekvardagen for å gjere dei så gode, trygge, forutsigbare og stressfrie som mogleg. Vi har satt ord på kva som skal kjenneteikne til dømes velkomst om morgonen, rydding, måltidssituasjon, påkledning og stell, og overgangar mellom desse. Alle avdelingane nyttar per i dag dagtavle, for å gi barna forsutsigbarheit, oversikt og struktur over dagen. Vi er på god vei til å utvikle ein felles og lik praksis for Langevåg Barnehage!